Matematikk 1–10 (MAT01‑05)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter 6. trinn
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- utforske, namngi og plassere desimaltal på tallinja
- utforske strategiar for rekning med desimaltal og samanlikne med reknestrategiar for heile tal
- formulere og løyse problem frå sin eigen kvardag som har med desimaltal, brøk og prosent å gjere, og forklare eigne tenkjemåtar
- beskrive eigenskapar ved og minimumsdefinisjonar av to- og tredimensjonale figurar og forklare kva for eigenskapar figurane har felles, og kva for eigenskapar som skil dei frå kvarandre
- utforske og beskrive symmetri i mønster og utføre kongruensavbildingar med og utan koordinatsystem
- måle radius, diameter og omkrins i sirklar og utforske og argumentere for samanhengen
- utforske mål for areal og volum i praktiske situasjonar og representere dei på ulike måtar
- bruke ulike strategiar for å rekne ut areal og omkrins og utforske samanhengar mellom desse
- bruke variablar og formlar til å uttrykkje samanhengar i praktiske situasjonar
- bruke variablar, lykkjer, vilkår og funksjonar i programmering til å utforske geometriske figurar og mønster
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i matematikk. Elevane viser og utviklar kompetanse i faget på 6. trinn når dei bruker matematiske omgrep i kommunikasjon og argumentasjon. Elevane viser og utviklar òg kompetanse når dei bruker ulike representasjonar og strategiar for å utforske samanhengar i arbeid med mønster, geometriske figurar og desimaltal. Dei viser og utviklar òg kompetanse når dei bruker kunnskap og ferdigheiter til å utforske, formulere og løyse problem som er knytte til praktiske situasjonar. Vidare viser og utviklar dei kompetanse i matematikk når dei resonnerer over og argumenterer for løysingar og matematiske samanhengar.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst ved at elevane får utforske matematikk og løyse matematiske problem gjennom å vere kreative, resonnere og reflektere. Læraren skal vere i dialog med elevane om utviklinga deira i programmering og geometri. Elevane skal få høve til å prøve og feile. Med utgangspunkt i kompetansen elevane viser, skal dei få høve til å setje ord på kva dei opplever at dei får til, og kva dei får til betre enn tidlegare. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i å sjå samanhengar mellom ulike representasjonar og problemløysingsstrategiar.