Matematikk FOV (MAT10‑01)
Kompetansemål og vurdering

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål etter modul 4Y

  • samanlikne og bruke tal representerte som desimaltal, prosent, brøker, potensar og kvadratrøter i praktiske situasjonar, og vurdere kva representasjonar som er formålstenlege
  • formulere og løyse problem frå kvardag og arbeidsliv ved bruk av likningar eller likningssett
  • bruke og forklare formlar knytte til kvardagsliv og yrkesliv
  • lese og hente ut matematisk informasjon frå ulike typar tekstar frå kvardagsliv, arbeidsliv og samfunnsliv, og bruke informasjonen til å gjere formålstenlege berekningar
  • utforske og løyse problem knytte til arbeidslivet som handlar om måling, og velje formålstenlege måleiningar
  • utforske volumomgrepet, måleiningar for volum og formlar for volum av rette prisme og rette sylindrar
  • bruke Pytagoras' læresetning og formlikskap til å løyse praktiske problem
  • utforske funksjonsomgrepet og grafen til ein funksjon, med vekt på lineære funksjonar, knytt til praktiske situasjonar
  • planleggje og gjennomføre datainnsamling ved bruk av observasjonar og spørjeundersøkingar, presentere resultata ved bruk av passande diagram, sentralmål og spreiingsmål, og forklare og grunngi val som er gjorde
  • tolke og kritisk vurdere statistiske framstillingar frå ulike kjelder, og argumentere for korleis framstillingar av tal og data kan brukast for å fremje ulike synspunkt
  • gjere berekningar og utforske samanhengar knytte til personleg økonomi, inkludert lønn og skatt, lån, sparing, valuta og bruk av kredittkort
  • forstå og kritisk vurdere resonnement i relevante tekstar frå arbeidsliv og medium

Undervegsvurdering

Standpunktvurdering