Vg3 mediedesignfaget (MDF03‑01)
Fagrelevans og sentrale verdiar
Vg3 mediedesignfaget handlar om visuell kommunikasjon, design og produksjon av medierelaterte produkt, tenester og brukaropplevingar i digitale og fysiske rom. Faget bidreg til at lærlingane utviklar eit medvite formspråk og ein metodikk for å skape effektiv og visuell kommunikasjon gjennom å nytte verktøy, teknikkar, metodar og teknologi tilpassa ulike medium og kommunikasjonsflater. Faget rustar lærlingane til å bli kreative, sjølvstendige, teknologikyndige og samfunnsorienterte designarar. Vg3 mediedesignfaget førebur til aktiv deltaking innanfor eit fagfelt der arbeidslivet stiller store krav til endrings- og utviklingskompetanse.
Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Vg3 mediedesignfaget skal bidra til skaparglede, visuell kommunikasjon og kreativ bruk av teknologi. Gjennom å gi lærlingane høve til å gjere praktisk designarbeid skal faget bidra til at dei får kunnskap om og evner i kreative prosessar og kunnskap om etiske og juridiske sider ved design og publisering innanfor ulike typar medium.