Vg3 medieteknikk (MET03‑01)
Kompetansemål og vurdering

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål

  • planleggje og gjennomføre ein teknisk produksjon frå idé til ferdig produkt på aktuelle plattformer
  • velje, setje opp og bruke teknisk utstyr innanfor lyd-, lys- og biletproduksjon
  • nytte programvare og utstyr for konfigurasjon av system og løysingar i tekniske produksjonar
  • velje og nytte verktøy for informasjonsdistribusjon og mediepublisering på ulike plattformer tilpassa den aktuelle produksjonen
  • drifte og halde ved like teknisk utstyr
  • gjere greie for bruksområda til ulike filformat og filsystem og velje filformat og filsystem tilpassa den aktuelle produksjonen
  • beskrive kostnadsstyringa i eit prosjekt og setje opp eit budsjett for eit prosjekt
  • gjere greie for val av faglege løysingar i ein produksjon og presentere løysingane til aktørane i eit prosjekt
  • utforske og analysere eksisterande system og føreslå og argumentere for tiltak til forbetring av systema
  • vurdere og reflektere over pliktene og rettane til oppdragsgivaren og arbeidstakaren i arbeidet med oppdrag
  • vurdere risiko og sikkerheit i eit prosjekt i samsvar med gjeldande regelverk, og reflektere over kva konsekvensar regelverket har for eige arbeid
  • gjere greie for miljømessige konsekvensar ved ein produksjon og foreslå utbetringstiltak
  • gjere greie for kva krav og forventningar som blir stilte til eit likeverdig og inkluderande yrkesfellesskap, og reflektere over kva plikter og rettar arbeidsgivaren og arbeidstakaren har i lærebedrifta

Undervegsvurdering