Vg3 medieteknikk (MET03‑01)
Kjerneelement
Prosjekt og planlegging
Kjerneelementet prosjekt og planlegging handlar om å planleggje, risikovurdere, budsjettere og dokumentere eit prosjekt. Vidare handlar det om å nytte relevante verktøy og metodar i planleggingsprosessen og å forstå kva konsekvensar eigne val har for prosjektet. Kjerneelementet handlar òg om å dokumentere prosessen undervegs og å reflektere over arbeidet etter at prosjektet er gjennomført.
Drift og utvikling
Kjerneelementet drift og utvikling handlar om å utvikle, drifte og forbetre medietekniske løysingar til bruk i produksjonar og installasjonar. Vidare handlar det om kunnskap om relevante løysingar og forståing av korleis den teknologiske utviklinga påverkar og endrar dagens løysingar.
Produksjon og teknologi
Kjerneelementet produksjon og teknologi handlar om det utøvande og praktiske arbeidet i medieproduksjonar, installasjonar og arrangement. Vidare handlar det om å planleggje og velje verktøy og tekniske løysingar som passar til arbeidsoppgåva, og å gjennomføre ein produksjon.
Informasjon og kommunikasjon
Kjerneelementet informasjon og kommunikasjon handlar om å velje kommunikasjonsform og tilpasse kommunikasjonen til ulike plattformer og ulike målgrupper. Vidare handlar det om å forstå betydninga og verdien av å kommunisere klart og tydeleg, både munnleg, skriftleg og audiovisuelt.