Vg3 modellbyggjarfaget (MOB03‑02)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål
Mål for opplæringa er at lærlingen skal kunne
- planleggje og gjennomføre arbeidet i samsvar med spesifikasjonar, standardar og kundekrav
- utarbeide ein sikker jobb-analyse og reflektere over risiko før arbeidet blir sett i gang og foreslå risikoreduserande tiltak
- vurdere og velje materiale for å konstruere og byggje modellar ut frå miljøomsyn og bruksområde
- vurdere økonomiske og miljømessige konsekvensar av produksjonen ut frå bruken av modellen
- vurdere og velje materiale tilpassa bruken av modellen som skal framstillast
- utforme og dimensjonere utvisarar på kjerne og kjernedor
- velje og bruke eigna verneutstyr til ulike arbeidsoppgåver
- finne og nytte datablad for helse, miljø og sikkerheit og sikkerheitsdatablad til ulike materiale og nytte desse i eige arbeid
- gjere greie for og bruke krymptabell for ulike metall i framstilling av modellar
- gjere greie for sleppvinkel på modell, kjernedor og kjernekasse
- forstå behovet for og leggje til arbeidsmonn for omarbeiding etter spesifikasjon frå oppdragsgivaren eller standarden for bedrifta
- vurdere behovet for å endre teikningar eller modellar for å tilpasse til støyping, og kommunisere dette til konstruktøren
- tilpasse kjernekasser til skytemaskiner
- montere modellar og løpssystem på plate
- bruke digitale ressursar for framstilling av modellar og tilpasse modellar til spesifikasjon frå oppdragsgivaren eller standarden for bedrifta
- bruke ulike verktøymaskiner og måleverktøy og vurdere når dei skal brukast
- gjere greie for partssamarbeidet i bedrifta og reflektere over kva plikter og rettar arbeidsgivaren og arbeidstakaren har, og kva krav og forventningar som er stilte til eit likeverdig og inkluderande arbeidsliv
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse. Lærlingane viser og utviklar kompetanse i vg3 modellbyggjarfaget når dei bruker kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i faget.
Instruktøren skal leggje til rette for lærlingmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsoppgåver. Instruktøren skal vere i dialog med lærlingane om utviklinga deira i vg3 modellbyggjarfaget. Lærlingane skal få høve til å uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og reflektere over eiga fagleg utvikling. Instruktøren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at lærlingen kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i faget.