Vg3 modellbyggjarfaget (MOB03‑02)
Fagrelevans og sentrale verdiar
Vg3 modellbyggjarfaget handlar om å framstille modellar til støypeindustrien. Faget skal gi lærlingane kompetanse i produksjon av modellar tilpassa kunden ved bruk av modellutstyr, verktøy og ulike materiale og teknikkar. Faget skal medverke til utvikling av nye løysingar og teknikkar i tråd med teknologiutviklinga og behovet i metall- og plastindustrien. Faget skal gi kunnskap og forståing av modellbyggjarindustrien og ulike funksjonar innanfor fagområdet.
Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Vg3 modellbyggjarfaget skal bidra til å fremje kvalitet, sikkerheit og presisjon i produksjonen av komponentar til modellar laga med ulike materiale og teknikkar. Faget skal òg bidra til at lærlingane utviklar god dømmekraft og evne til å reflektere og gjere vurderingar for å vere rusta til den teknologiske utviklinga og framtidige krav frå kundane i metall- og plastindustrien.