Lyddesign (MOK05‑02)
Fagrelevans og sentrale verdiar
Lyddesign handlar om utvikling av eigne lyduttrykk. Faget skal bidra til løysingar på noverande og framtidige utfordringar innanfor lydproduksjon. Faget skal etablere medvit om dei auditive uttrykka som omgir oss, og korleis desse blir brukte i medieproduksjonar. Lyddesign skal bidra til forståing av den rolla lydproduksjonen speler i ein kulturhistorisk samanheng. Dette omfattar forståing av moglegheitene til å ytre seg kreativt og målretta gjennom lyd i ulike kanalar og sjangrar.
Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Lyddesign skal bidra til å utvikle forståing av lyd som uttrykk for kulturelt mangfald og av korleis lyd påverkar og skaper identitet. Gjennom at elevane får oppleve, utforske og skape auditive uttrykk skal faget bida til at dei utviklar estetisk sans, kritisk tenking, skaparglede og kreativitet. Å arbeide i samsvar med etiske normer og gjeldande regelverk er sentralt i faget.