Lyddesign (MOK05‑02)
Kjerneelement
Lyduttrykk
Kjerneelementet lyduttrykk handlar om å forstå kva rolle lyden speler i ulike medieproduksjonar før og no. Dette omfattar musikk, radio, lyd i fleirmediale produksjonar og lydestetikk på offentlege stader. Lyduttrykk handlar òg om å kunne identifisere og beskrive ulike element i eit lydbilete og forstå kva funksjon dei har. Analytisk og reflekterande lytting er sentralt for å forstå og vurdere lydproduksjonar.
Lydproduksjon
Kjerneelementet lydproduksjon handlar om å produsere medieprodukt i forskjellige sjangrar og for ulike plattformer. Dette inneber å utvikle idear, anvende produksjonsverktøy og kommunisere auditivt. Lydproduksjon handlar òg om å kunne presentere ein bodskap, skape eit kreativt uttrykk og fortelje med auditive og lydtekniske verkemiddel. Vidare handlar lydproduksjon om å utforske nye arbeidsformer og uttrykk i takt med den teknologiske utviklinga.