Grafisk design (MOK06‑02)
Kompetansemål og vurdering

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål etter grafisk design

  • identifisere behov og utforme og presentere grafiske designløysingar
  • bruke og drøfte typografi, farge, komposisjon, symbol og forteljeteknikkar som verkemiddel
  • utforme og vurdere illustrasjonar og designløysingar tilpassa ulike bodskapar
  • utarbeide og vurdere kreative og sjølvstendige idear til grafiske designløysingar gjennom ein stegvis designprosess
  • anvende materiale, format og filtypar til produksjon i samsvar med tekniske krav, miljøomsyn, etiske normer og regelverk
  • utforske tidlegare og samtidige visuelle uttrykk og anvende desse i eigne grafiske medieprodukt
  • vurdere og drøfte korleis grafiske designløysingar påverkar forbruksmønster og samfunnsutvikling og aukar samfunnsdeltakinga
  • utvikle, utforme og vurdere grafisk design som tek omsyn til rettane og behova til ulike grupper i samfunnet
  • utforske nye verktøy og moglegheiter for interaksjon og kommunikasjon ved bruk av ny teknologi
  • utforske omgivnadsdesign som kommuniserer i ulike nærmiljø
  • anvende relevant fagterminologi i grafisk design

Undervegsvurdering

Standpunktvurdering