Grafisk design (MOK06‑02)
Grunnleggjande ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter i grafisk design inneber å gjere greie for idear, prosessar og designval i eigne visuelle uttrykk med bruk av fagterminologi. Vidare inneber det å samtale med brukarane for å vurdere behova deira.
Å kunne skrive
Å kunne skrive i grafisk design inneber å kommunisere gjennom teikn, symbol og bilete i visuelle uttrykk. Dette inneber òg å formidle bodskapar tilpassa ulike målgrupper, sjangrar og mediekanalar.
Å kunne lese
Å kunne lese i grafisk design inneber å forstå og bruke og reflektere over teikn, symbol, bilete og kombinasjonar av desse i ulike visuelle medium. Dette inneber òg å utøve kjeldekritikk av grafiske designproduksjonar som ein sjølv og andre står bak.
Å kunne rekne
Å kunne rekne i grafisk design inneber å ha kunnskap om flater, målestokk, oppløysing og tabellar og bruke dette i eigne grafiske designproduksjonar.
Digitale ferdigheiter
Digitale ferdigheiter i grafisk design inneber å produsere, tilpasse og publisere ved hjelp av relevante digitale ressursar. Vidare inneber det å finne informasjon og inspirasjon og å anvende eksisterande designelement føremålstenleg. Det inneber òg å følgje gjeldande reglar for opphavsrett, personvern og publisering.