Målar- og overflateteknikkfaget – modulstrukturert opplæring for vaksne (MOT05‑01)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter planleggjing
Mål for opplæringa er at lærlingen skal kunne
- planleggje behandling av flater på nybygg, eksisterande bygningsmasse og historiske bygg, arbeide etter teikningar, beskrivingar og preaksepterte løysingar og vurdere kostnader, tidsbruk og miljøomsyn i arbeidet
- utarbeide framdriftsplanar, bestille og motta produkt, utstyr og mengder og kontrollere kvalitet og mengd i tråd med arbeidsoppdraget
- velje, bruke og halde ved like verktøy og maskiner til ulike formål og med omsyn til kvalitet, funksjonalitet, miljø og økonomi
- vurdere tilstanden til overflatene, byggje opp sjikt ut frå bruksområde og vurdere korleis det ytre og indre miljøet påverkar sluttresultatet og levetida til overflata
Undervegsvurdering
Undervegsvurderingen skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse. Lærlingane viser og utviklar kompetanse i modulen planleggjing når dei bruker kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i faget.
Instruktøren skal leggje til rette for lærlingmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsoppgåver. Instruktøren skal vere i dialog med lærlingane om utviklinga deira i modulen planleggjing. Lærlingane skal få høve til å uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og reflektere over eiga fagleg utvikling. Instruktøren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at lærlingane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i modulen. Kompetansemåla i alle modulane skal forståst i lys av teksten om faget.
Lærlingen skal ha ei midtvegsvurdering ved avslutninga av opplæringa i planleggjing. Midtvegsvurderinga har karakteruttrykket godkjent/ikkje godkjent.