Målar- og overflateteknikkfaget – modulstrukturert opplæring for vaksne (MOT05‑01)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter gulvleggjing
Mål for opplæringa er at lærlingen skal kunne
- påføre membransystem og leggje og sveise golv- og veggbelegg i våtrom
- leggje teppe, fugefrie golv, banebelegg, LVT-stavar og flis i vinyl, velje metode og vurdere korleis bruken av lim, sparkel og avrettingsmassar påverkar sluttresultatet
Undervegsvurdering
Undervegsvurderingen skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse. Lærlingane viser og utviklar kompetanse i modulen gulvleggjing når dei bruker kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i faget.
Instruktøren skal leggje til rette for lærlingmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsoppgåver. Instruktøren skal vere i dialog med lærlingane om utviklinga deira i modulen gulvleggjing. Lærlingane skal få høve til å uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og reflektere over eiga fagleg utvikling. Instruktøren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at lærlingane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i modulen. Kompetansemåla i alle modulane skal forståst i lys av teksten om faget.
Lærlingen skal ha ei midtvegsvurdering ved avslutninga av opplæringa i gulvleggjing. Midtvegsvurderinga har karakteruttrykket godkjent/ikkje godkjent.