vg2 overflateteknikk (OFT02‑03)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter helse, miljø og sikkerheit
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- planleggje og gjennomføre arbeid for å unngå skadar på menneske, materiell og miljø i samsvar med gjeldande regelverk for helse, miljø og sikkerheit og reflektere over konsekvensane av å ikkje følgje regelverket
- rekne ut areal og materialforbruk i tråd med arbeidsbeskrivingar ved hjelp av analogt og digitalt utstyr
- drøfte ulike løysingar som påverkar miljøet og bidreg til reduserte kostnader for kunden
- drøfte kva krav og forventningar som blir stilte til eit likeverdig og inkluderande yrkesfellesskap og beskrive kva plikter og rettar arbeidsgivaren og arbeidstakaren har i arbeidslivet
- arbeide i tråd med ergonomiske prinsipp, bruke personleg verneutstyr og reflektere over konsekvensane av støy, vibrasjonar og støveksponering for yrkesutøvaren
- bruke teikningar, standardar, spesifikasjonar, prosedyrar og arbeidsbeskrivingar
- dekkje til og maskere underlag og detaljar som ikkje skal overflatebehandlast
- førebyggje, identifisere og utbetre målingsfeil og vurdere konsekvensane av avvik
- bruke stigar, arbeidsplattformer og stillas og setje i verk tiltak for å redusere risiko ved arbeid i høgda
- gjere greie for korleis ulike kjemikalium og belegg opptrer i samspel med kvarandre, og beskrive dei ulike prosessane for tørking og herding
- kjeldesortere og handtere kjemikalium etter gjeldande regelverk, oppfylle substitusjonsplikta og reflektere over konsekvensane av feilhandtering
- skjere ut sjablongar, maskering, tekst og symbol digitalt
- gjere greie for kvalitetssikringssystem og dokumentere eige arbeid
- reflektere over fordeler og ulemper ved ulike entrepriseformer
- planleggje prosjekt, berekne kostnader og drøfte faktorar som påverkar lønnsemda til bedrifta
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse. Elevane viser og utviklar kompetanse i programfaget helse, miljø og sikkerheit når dei bruker kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i programfaget. Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsoppgåver.
Læraren kan gi arbeidsoppgåver som dekkjer eit eller begge programfaga. Læraren og elevane skal vere i dialog om utviklinga til elevane i programfaget helse, miljø, tryggleik og kvalitet. Elevane skal få høve til å uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og til å reflektere over si eiga faglege utvikling. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i programfaget.
Standpunktvurdering
Standpunktkarakteren skal vere uttrykk for den samla kompetansen eleven har i programfaget helse, miljø og sikkerheit ved avslutninga av opplæringa i programfaget. Læraren skal planleggje og leggje til rette for at eleven får vist kompetansen sin i programfaget på varierte måtar. Med utgangspunkt i kompetansemåla skal læraren vurdere korleis eleven viser forståing, evne til refleksjon og kritisk tenking, og korleis eleven meistrar utfordringar og løyser oppgåver i ulike samanhengar. Læraren skal setje karakter i programfaget helse, miljø og sikkerheit basert på kompetansen eleven viser ved å planleggje, gjennomføre, vurdere og dokumentere eige fagleg arbeid.