Vg2 industriteknologi (PIN02‑03)
Kjerneelement
Helse, miljø og sikkerheit
Kjerneelementet helse, miljø og sikkerheit handlar om helse-, miljø- og sikkerheitsarbeid og bruk av verneutstyr. Kjerneelementet handlar om å bruke maskiner og utstyr i tråd med regelverk på ein sikker måte. Det handlar også om å bidra til gode haldningar og nødvendig kunnskap om gjeldande regelverk, risikovurdering og helse-, miljø- og sikkerheitspraksis ved produksjon av varer og tenester.
Teknologi
Kjerneelementet teknologi handlar om kunnskapar og ferdigheiter innanfor mekaniske og automatiserte innretningar og samspelet mellom desse. Kjerneelementet handlar også om kompetanse i bruk av teikningar, arbeidsbeskrivingar, verktøy, maskiner og bruk av innretningar for styring, overvaking, feilsøking, optimalisering, vedlikehald og reparasjon av maskiner og utstyr. Det handlar også om erfaring med tekniske løysingar og å kunne nytte tilgjengeleg teknologi.
Industriell produksjon
Kjerneelementet industriell produksjon handlar om produksjon, tenester og dokumentasjon. Kjerneelementet handlar også om kunnskapar og ferdigheiter om heile prosessen frå idé til ferdig produkt eller teneste. Det omfattar også å kunne bruke system for planlegging og dokumentasjon og å få erfaring med digitaliseringa i produksjonsprosessar og i arbeid med tenester. Vidare handlar det om trening i å tenkje kreativt og vurdere berekraftige løysingar.