Røyrleggjarfaget – modulstrukturert opplæring for vaksne (RLF05‑01)
Kompetansemål og vurdering

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål etter helse, miljø og sikkerheit og bransjelære 

  • anvende sikkerheitsdatablad og følgje instruksar ved bruk av kjemikaliar (Henta frå læreplan i vg1 bygg- og anleggsteknikk)
  • kjeldesortere og handtere avfall etter gjeldande regelverk, reflektere over konsekvensane av feilhandtering og iverksette tiltak (Henta frå læreplan i vg2 røyrleggjar)
  • reflektere over fordeler og ulemper ved ulike entrepriseformer (Henta frå læreplan i vg2 røyrleggjar)
  • gjere greie for korleis varme arbeider kan forårsake brann, iverksette sikkerhetstiltak og hindre brann (Henta frå læreplan i vg2 røyrleggjar)
  • planleggje installering av røyrleidningar etter teikningar og beskrivingar ved å bruke ulike prosjektverktøy, arbeide i tråd med gjeldande krav til helse, miljø og sikkerheit og toleransekrav og reflektere over konsekvensar av ikkje å følgje krava
  • utarbeide framdriftsplanar, bestille og motta materiale og utstyr og kontrollere kvalitet og mengd i tråd med arbeidsoppdraget
  • risikovurdere arbeidsoppdrag, gjennomføre ein sikker jobbanalyse, rapportere om uønskte hendingar og iverksette tiltak
  • velje og bruke materiale, verktøy og maskiner til ulike formål og reflektere over konsekvensane for kvalitet, funksjonalitet, miljø og ressursbruk
  • utføre grunnleggjande førstehjelp
  • følgje regelverket for arbeid i høgda og vurdere bruk av sikringsutstyr
  • velje og bruke ulike produkt og drøfte korleis vala bidreg til å minimere miljøavtrykket og sikre ei effektiv ressursutnytting
  • vurdere ulike preaksepterte løysingar og byggje røyranlegg i samsvar med den valde løysinga
  • utføre trykkprøve og tettleiksprøve, vurdere korleis trykkprøvingsmetode påvirker sikkerheiten og setje i gang aktuelle røyrinstallasjonar etter gjeldande prosedyrar
  • gjere greie for og bruke kvalitetssikringssystem, dokumentere eige arbeid og handtere avvik
  • beskrive kva type branntetting som eignar seg for røyrleidningar gjennom brannskilje, og setje i verk tiltak
  • bruke fagterminologi for å kommunisere med kollegaer og andre yrkesutøvarar og drøfte ulike løysingar
  • arbeide etter regelverk og avtalar som regulerer arbeidsforholdet i faget, og gjere greie for pliktene og rettane til arbeidsgivaren og arbeidstakaren og reflektere over krav og forventningar som blir stilte til eit likeverdig og inkluderande yrkesfellesskap
  • arbeide i tråd med ergonomiske prinsipp, reflektere over konsekvensane av kroppsbelastning, støy og støveksponering og sette iverk tiltak
  • bruke arbeids-, verne- og sikringsutstyr og vurdere konsekvensane av feilbruk
  • montere og bruke arbeidsplattformer opp til 5 meter og gjennomføre risikotiltak ved arbeid i høgda (Henta frå læreplan i vg1 bygg- og anleggsteknikk)

Undervegsvurdering