Røyrleggjarfaget – modulstrukturert opplæring for vaksne (RLF05‑01)
Kompetansemål og vurdering

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål etter utvendige røyranlegg og andre røyrsystem

  • beskrive oppbygginga av private vass- og avløpsanlegg (Henta frå læreplan i vg2 røyrleggjar)
  • prosjektere komplette utvendige sanitæranlegg ved å bruke bransjerelaterte manuelle og digitale teikneverktøy
  • nytte reglane for tilkopling til kommunale spillvass-, overvass- og vassleidningar og vurdere løysingane ut frå regionale forhold
  • dimensjonere røyr for spillvatn, overvatn og vatn, leggje røyr, montere sanitærutstyr og dokumentere arbeidet
  • beskrive korleis eit trykkluftsystem er bygd opp
  • utforske og bruke eigenskapane ved geometriske figurar, målestokk og trigonometri til å berekne lengder, vinklar og areal i problemløysing innanfor bygg- og anleggsfag (Henta frå læreplan i matematikk P)
  • tolke og bruke samansette måleiningar i praktiske samanhengar og velje eigna måleining (Henta frå læreplan i matematikk P)

Undervegsvurdering