Vg3 reiselivsfaget (RLV03‑02)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål
Mål for opplæringa er at lærlingen skal kunne
- vurdere nasjonale og globale trendar og faktorar som påverkar reiselivet, og foreslå tiltak som kan bidra til ein berekraftig vekst
- presentere eiga verksemd med vekt på forretningsplanen og reflektere over korleis berekraftsperspektivet er sikra
- presentere dei ulike avdelingane og arbeidsoppgåvene i verksemda og korleis desse påverkar samhandling, heilskapleg drift og utvikling
- drøfte og presentere korleis samarbeid mellom ulike aktørar i reiselivsbransjen kan bidra til innovasjon og styrkje heilskaplege reiselivsprodukt
- planleggje og utvikle heilskaplege reiselivsprodukt og vurdere tiltak som sikrar ei berekraftig ressursutnytting
- planleggje, gjennomføre og vurdere sals- og marknadsaktivitetar for verksemda
- vurdere inntektene og kostnadene til verksemda og gjere greie for korleis desse påverkar lønnsemda
- berekne pris og presentere tilbod på ulike reiselivsprodukt
- gjere greie for prisdifferensieringar i reiselivsnæringa og vurdere moglege konsekvensar av prisdifferensiering
- utforske og presentere kva det inneber å respektere og forstå ulike kulturar, og ta omsyn til kulturforskjellar i møte med kollegaer, besøkjande, gjester og andre samarbeidspartnarar
- tilpasse kommunikasjonen og utøvinga av servicerolla til ulike arbeidssituasjonar
- utforske og formidle kunnskap om norsk og samisk kultur og om aktuell lokal historie, lokal kultur og lokale attraksjonar
- presentere ein destinasjon på norsk og engelsk
- reflektere over vertskapsrolla og anvende tiltak som kan auke totalopplevinga for gjestene
- bruke kundeoppfølgingssystema i verksemda, og presentere korleis desse kan brukast i kampanjar og kundedialog og til å byggje kundelojalitet
- bruke reservasjonssystema og betalingsløysingane til verksemda og utføre valutaberekningar
- følgje retningsliner og lovverk og bruke dei interne rutinane i verksemda ved behandling av reklamasjonar og klagar
- gjennomføre førstehjelp, bruke beredskapsplanane til verksemda og reflektere over eiga rolle og eige ansvar i konflikt- og nødssituasjonar
- gjere greie for helse, miljø- og sikkerheitstiltak i verksemda og for eiga rolle og eige høve til å medverke i arbeidet med helse, miljø og sikkerheit
- utforske og presentere område og regelverk innanfor helse, miljø og sikkerheit
- reflektere over etiske retningslinjer og verdiar i verksemda og følgje desse i ulike arbeidssituasjonar
- arbeide etter regelverk og avtalar som regulerer arbeidsforholdet i faget, og gjere greie for pliktene og rettane til arbeidsgivaren og arbeidstakaren
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse. Lærlingane viser og utviklar kompetanse i vg3 reiselivsfaget når dei bruker kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i faget.
Instruktøren skal leggje til rette for lærlingmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsoppgåver. Instruktøren skal vere i dialog med lærlingane om utviklinga deira i vg3 reiselivsfaget. Lærlingane skal få høve til å uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og reflektere over eiga fagleg utvikling. Instruktøren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at lærlingane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i faget.