Vg3 reiselivsfaget (RLV03‑02)
Fagrelevans og sentrale verdiar
Vg3 reiselivsfaget handlar om drift, sal og service innanfor det heilskaplege reiselivsproduktet. Vidare handlar det om profesjonell kommunikasjon og kulturforståing i møte med gjester og kundar. Faget skal ruste lærlingane til å ta del i eit arbeidsliv der trendar og marknadssituasjon endrar seg etter ønska til kundane og etter utviklinga og krava som samfunnet stiller.
Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Vg3 reiselivsfaget skal bidra til eit inkluderande og mangfaldig arbeidsfellesskap der kundar, gjester og kollegaer blir møtte med respekt og profesjonalitet. Faget skal vidare bidra til at elevane reflekterer over miljømessige, økonomiske og sosiale forhold i reiselivsbransjen. Gjennom innovative prosessar skal faget òg bidra til engasjement og skaparglede. Vg3 reiselivsfaget skal dessutan bidra til at elevane får kunnskap om pliktene og rettane til arbeidsgivaren og arbeidstakaren og om kor viktig det er med trepartssamarbeidet, der arbeidsgivarar, arbeidstakarar og styresmakter jobbar saman for å utvikle eit betre arbeidsliv.