Vg3 reiselivsfaget (RLV03‑02)
Kompetansemål og vurdering

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål

  • vurdere nasjonale og globale trendar og faktorar som påverkar reiselivet, og foreslå tiltak som kan bidra til ein berekraftig vekst
  • presentere eiga verksemd med vekt på forretningsplanen og reflektere over korleis berekraftsperspektivet er sikra
  • presentere dei ulike avdelingane og arbeidsoppgåvene i verksemda og korleis desse påverkar samhandling, heilskapleg drift og utvikling
  • drøfte og presentere korleis samarbeid mellom ulike aktørar i reiselivsbransjen kan bidra til innovasjon og styrkje heilskaplege reiselivsprodukt
  • planleggje og utvikle heilskaplege reiselivsprodukt og vurdere tiltak som sikrar ei berekraftig ressursutnytting
  • planleggje, gjennomføre og vurdere sals- og marknadsaktivitetar for verksemda
  • vurdere inntektene og kostnadene til verksemda og gjere greie for korleis desse påverkar lønnsemda
  • berekne pris og presentere tilbod på ulike reiselivsprodukt
  • gjere greie for prisdifferensieringar i reiselivsnæringa og vurdere moglege konsekvensar av prisdifferensiering
  • utforske og presentere kva det inneber å respektere og forstå ulike kulturar, og ta omsyn til kulturforskjellar i møte med kollegaer, besøkjande, gjester og andre samarbeidspartnarar
  • tilpasse kommunikasjonen og utøvinga av servicerolla til ulike arbeidssituasjonar
  • utforske og formidle kunnskap om norsk og samisk kultur og om aktuell lokal historie, lokal kultur og lokale attraksjonar
  • presentere ein destinasjon på norsk og engelsk
  • reflektere over vertskapsrolla og anvende tiltak som kan auke totalopplevinga for gjestene
  • bruke kundeoppfølgingssystema i verksemda, og presentere korleis desse kan brukast i kampanjar og kundedialog og til å byggje kundelojalitet
  • bruke reservasjonssystema og betalingsløysingane til verksemda og utføre valutaberekningar
  • følgje retningsliner og lovverk og bruke dei interne rutinane i verksemda ved behandling av reklamasjonar og klagar
  • gjennomføre førstehjelp, bruke beredskapsplanane til verksemda og reflektere over eiga rolle og eige ansvar i konflikt- og nødssituasjonar
  • gjere greie for helse, miljø- og sikkerheitstiltak i verksemda og for eiga rolle og eige høve til å medverke i arbeidet med helse, miljø og sikkerheit
  • utforske og presentere område og regelverk innanfor helse, miljø og sikkerheit
  • reflektere over etiske retningslinjer og verdiar i verksemda og følgje desse i ulike arbeidssituasjonar
  • arbeide etter regelverk og avtalar som regulerer arbeidsforholdet i faget, og gjere greie for pliktene og rettane til arbeidsgivaren og arbeidstakaren

Undervegsvurdering