Vg3 reiselivsfaget (RLV03‑02)
Tverrfaglege tema
Folkehelse og livsmeistring
I vg3 reiselivsfaget handlar det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring om å kunne byggje og handtere profesjonelle relasjonar med ulike gjester, kundar og kollegaer. Dette inneber kunnskap om ulike kulturar og evne til å setje grenser og respektere andre sine grenser i ulike arbeidssituasjonar. Vidare handlar folkehelse og livsmeistring om å sikre god fysisk og psykisk helse gjennom kunnskap om helse, miljø og sikkerheit og om pliktene og rettane arbeidstakaren og arbeidsgivaren har i arbeidslivet.
Berekraftig utvikling
I vg3 reiselivsfaget handlar det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling om korleis reiselivsnæringa kan bidra til eit meir berekraftig samfunn. I dette ligg det å reflektere over potensielle dilemma knytte til lønnsemd og berekraft på både kort og lang sikt. Vidare handlar det om å utforske reiselivsbransjen som ein global aktør og om korleis reiselivsverksemda kan bidra til ei berekraftig utvikling på verdsbasis.