Reinhaldsoperatørfaget – modulstrukturert opplæring for vaksne (ROF05‑01)
Kompetansemål og vurdering

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål etter helse, miljø og sikkerheit og ergonomi i reinhald 

  • arbeide i tråd med ergonomiske prinsipp og reflektere over konsekvensane av arbeidsbelastningar og skadeforebyggjande tiltak
  • kjeldesortere og handtere avfall etter gjeldande regelverk, handtere helsefarlege kjemikalium og spesialavfall og reflektere over konsekvensane av feilhandtering
  • velje og bruke verne- og smittevernutstyr for arbeidsoppgåva og vurdere konsekvensane ved feilbruk
  • vurdere smitterisiko, arbeide i samsvar med gjeldande regelverk for smittevern og gjere greie for smittespreiing og korleis smittekjeder kan brytast
  • risikovurdere metodar, kjemikalium og utstyr, gjere greie for korleis arbeidsoppgåvane påverkar kostnadseffektivitet, materiale og ytre miljø, og reflektere over feilhandtering
  • arbeide i tråd med berekraftige og miljømessige prinsipp og reflektere over konsekvensar av støveksponering og bruk av kjemikalium
  • gjennomføre ein sikker jobbanalyse, rapportere om uønskte hendingar og halde ved like maskiner og utstyr
  • utføre grunnleggjande førstehjelp
  • planleggje, gjennomføre, vurdere og dokumentere eige arbeid (Henta frå læreplan i $læreplan vg1 bygg- og anleggsteknikk)

Undervegsvurdering