Reinhaldsoperatørfaget – modulstrukturert opplæring for vaksne (ROF05‑01)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter reinhaldsplanlegging og arbeidsbeskrivingar
Mål for opplæringa er at lærlingen skal kunne
- utarbeide arbeidsplaner, bestille og motta utstyr og kjemikalie og kontrollere kvalitet og mengde i tråd med arbeidsoppgåva
- utarbeide reinhaldsplanar, arbeidsplanar og arbeidsbeskrivingar og reflektere over val av frekvens, kvalitet og metode
- planleggje reinhald av bygg, anlegg, installasjonar og transportmiddel arbeidet etter teikningar og beskrivingar ved bruk av ulike planleggingsverktøy, arbeide i samsvar med gjeldande krav til helse, miljø og sikkerheit og reflektere over konsekvensane ved å ikkje følgje krava
- tolke og bruke formlar som gjeld daglegliv og yrkesliv (Henta frå læreplan i matematikk P)
- tolke og bruke samansette måleiningar i praktiske samanhengar og velje eigna måleining (Henta frå læreplan i matematikk P)
- innhente data frå praksisfeltet, gjere overslag og berekningar og lage formålstenlege framstillingar av resultata og presentere desse (Henta frå læreplan i matematikk P)
Undervegsvurdering
Undervegsvurderingen skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse. Lærlingane viser og utviklar kompetanse i modulen reinhaldsplanlegging og arbeidsbeskrivingar når dei bruker kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i faget.
Instruktøren skal leggje til rette for lærlingmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsoppgåver. Instruktøren skal vere i dialog med lærlingane om utviklinga deira i modulen reinhaldsplanlegging og arbeidsbeskrivingar. Lærlingane skal få høve til å uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og reflektere over eiga fagleg utvikling. Instruktøren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at lærlingane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i modulen. Kompetansemåla i alle modulane skal forståst i lys av teksten om faget.
Lærlingen skal ha ei midtvegsvurdering ved avslutninga av opplæringa i reinhaldsplanleggjing. Midtvegsvurderinga har karakteruttrykket godkjent/ikkje godkjent.