Reiseliv (RSL01‑02)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- utforske lokalt eller regionalt reiseliv og gjere greie for tilbod til ulike målgrupper
- undersøkje og formidle moglegheiter og særtrekk ved lokal eller regional kultur og natur som kan vere attraktive i eit reiselivsperspektiv
- planleggje, marknadsføre og utføre lokale eller regionale reiselivstenester, og formidle eige arbeid med reiselivstenester
- vurdere korleis turisme kan påverke natur og miljø og finne døme på slik påverknad lokalt og globalt
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i faget. Elevane viser og utveklar kompetanse i valfaget reiseliv når dei deltek i planlegging og gjennomføring av reiselivstenester, når dei tilpassar kommunikasjonen til ulike målgrupper og situasjonar, og når dei dei vurderer korleis reiselivstenester og turisme kan påverke natur og miljø.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte praktiske oppgåver som utfordrar elevane til å arbeide utforskande og kreativt og tilpasse kommunikasjonen til ulike målgrupper og situasjonar. Læraren skal vere i dialog med elevane om utviklinga deira i faget. Elevane skal få høve til å prøve seg fram. Med utgangspunkt i kompetansen elevane viser, skal dei få høve til å setje ord på kva dei opplever at dei får til, og reflektere over si eiga faglege utvikling. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i faget.
Standpunktvurdering
Standpunktkarakteren skal vere uttrykk for den samla kompetansen eleven har i valfaget reiseliv ved avslutninga av opplæringa. Læraren skal planleggje og leggje til rette for at eleven får vist kompetansen sin på varierte måtar som inkluderer forståing, refleksjon og kritisk tenking, i ulike samanhengar. Læraren skal setje karakter i reiseliv basert på kompetansen eleven har vist gjennom å utforske lokalt eller regionalt reiseliv, gjennom arbeid med å utvikle lokale eller regionale reiselivstenester og gjennom å vurdere berekrafta til desse tenestene og reiseliv generelt.