Reiseliv (RSL01‑02)
Fagrelevans og sentrale verdiar
Reiseliv handlar om å bidra til å få erfaring med og innsikt i lokale eller regionale reiselivstenester. Faget skal bidra til at elevane får innsikt i kva reiselivstenester har å seie for eit lokalsamfunn. Faget skal òg bidra til å synleggjere korleis reiselivet lokalt eller regionalt skaper arbeidsplassar og attraktive tenester for fastbuande og tilreisande gjestar, men òg korleis turisme kan påverke natur og miljø.
Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Valfaget reiseliv skal bidra til at elevane kan få oppleve glede og meistring gjennom aktivitetar som er knytte til arbeid med lokale eller regionale reiselivstenester. Vidare skal faget bidra til å styrkje den lokale tilhøyrsla til elevane gjennom utforsking av kultur og natur og gjennom samhandling med gjestar og lokale reiselivsaktørar. Valfaget skal òg bidra til å utvikle respekten elevane har for lokal natur og kultur, og gi dei forståing av verdien eit berekraftig reiseliv har for eit lokalsamfunn.
Valfaga hentar innhald frå andre fag i grunnskolen.