Rettslære (RTL01‑04)
Kjerneelement
Juridisk refleksjon
Kjerneelementet juridisk refleksjon handlar om å skilje mellom rett og rettferd. Kjerneelementet handlar òg om å reflektere over samanhengen mellom rettsreglar og etikk. Vidare handlar juridisk refleksjon om å arbeide på ein undersøkjande og systematisk måte i møte med konkrete, praktiske og rettslege utfordringar.
Juridisk metode
Kjerneelementet juridisk metode handlar om å bruke rettsreglar og skilje rettsreglar frå andre normer og reglar i samfunnet. Juridisk metode er læra om kva rettskjelder som finst, og korleis ein går fram når ein bruker rettskjeldene for å løyse rettsspørsmål. Kjerneelementet handlar om å bruke prinsippa i rettskjeldelæra og juridisk oppgåveteknikk for å løyse rettslege spørsmål.
Rettsreglane i samfunnet
Kjerneelementet rettsreglane i samfunnet handlar om det rettslege forholdet mellom enkeltpersonar og mellom enkeltpersonar og statsmakt. Det handlar vidare om kunnskapar om rettskjeldene og om kva ferdigheiter ein treng for å kunne bruke gjeldande rett. I tillegg handlar det om å bli medviten om rettane og pliktene ein har som deltakarar i samfunnet.