Rettslære (RTL01‑04)
Vurderingsordning
Standpunktvurdering
Rettslære 1: Eleven skal ha éin standpunktkarakter.
Rettslære 2: Eleven skal ha éin standpunktkarakter.
Eksamen for elevar
Rettslære 1: Eleven kan trekkjast ut til ein munnleg eksamen. Munnleg eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Eksamen skal ha førebuingsdel.
Rettslære 2: Eleven kan trekkjast ut til ein skriftleg eksamen eller ein munnleg eksamen. Skriftleg eksamen blir utarbeidd og sensurert sentralt. Munnleg eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Skriftleg og munnleg eksamen skal ha førebuingsdel.
Eksamen for privatistar
Rettslære 1: Privatisten skal opp til ein munnleg eksamen. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Fylkeskommunen avgjer om privatistar skal få førebuingsdel ved lokalt gitt eksamen.
Rettslære 2: Privatisten skal opp til ein skriftleg eksamen. Skriftleg eksamen blir utarbeidd og sensurert sentralt. Skriftleg eksamen skal ha førebuingsdel.