Samfunnsfag (SAF01‑04)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter 4. trinn
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- utforske og presentere samfunnsfaglege spørsmål, søkje etter informasjon i ulike kjelder og vurdere kor nyttig informasjonen er til å belyse spørsmåla
- utforske kulturminne og korleis menneska levde i den tida kulturminna er frå, og samanlikne med korleis vi lever i dag
- beskrive kultur- og naturlandskap i Noreg og samtale om korleis historiske og geografiske kjelder, inkludert kart, kan gi informasjon om landskap
- samtale om kvifor det oppstår konfliktar i skule- og nærmiljøet, lytte til andre si meining og samarbeide med andre om å finne konstruktive løysingar
- presentere menneskerettar og rettar barn har, og reflektere over kvifor desse rettane finst
- presentere årsaker til at samane har urfolksstatus i Noreg, og beskrive forskjellige former for samisk kultur- og samfunnsliv før og no
- utforske og gi døme på nokre sider ved berekraftig utvikling
- reflektere over samanhengen mellom personleg økonomi og forbruk hos den enkelte
- samtale om identitet, mangfald og fellesskap og reflektere over korleis det kan opplevast ikkje å vere ein del av fellesskapet
- samtale om reglar og normer for personvern, deling og beskyttelse av informasjon og om kva det vil seie å bruke dømmekraft i digital samhandling
- samtale om grenser knytte til kropp, kva vald og seksuelle overgrep er, og kvar ein kan få hjelp dersom ein blir utsett for vald og seksuelle overgrep
- reflektere over kven som har makt, og kva eit demokrati er, og utvikle forslag til korleis ein kan vere med på å påverke avgjerder
- samtale om nokre viktige offentlege institusjonar og verksemder i Noreg og reflektere over kva dei betyr i livet til menneska
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i faget. Elevane viser og utviklar kompetanse i samfunnsfag på 3. og 4. trinn når dei åleine og saman med andre utforskar og undrar seg over samfunnsfaglege tema og samanhengar mellom desse. Elevane viser og utviklar kompetanse når dei presenterer og samtaler om samfunnsfaglege spørsmål og reflekterer over kva slags informasjon og kunnskap ulike kjelder kan gi om spørsmåla. Elevane viser og utviklar òg kompetanse når dei tek ulike perspektiv og ser korleis dei sjølve og andre kan bli påverka av og påverke kvarandre, samfunnet og naturen. Vidare viser og utviklar dei kompetanse når dei samhandlar digitalt og bruker nokre reglar og normer for personvern og digital samhandling.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom at elevane får søkje kunnskap på ulike måtar, ta ulike perspektiv og reflektere over korleis kunnskap blir til. Læraren skal vere i dialog med elevane om utviklinga deira i samfunnsfag. Elevane skal få høve til å prøve seg fram. Med utgangspunkt i kompetansen elevane viser, skal dei få høve til å setje ord på kva dei opplever at dei får til, og kva dei får til betre enn tidlegare. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i samfunnsfag gjennom nysgjerrigheit, kunnskapssøking og arbeid med samanhengar i faget.