Samfunnsfag (SAF01‑04)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter 2. trinn
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- utvikle og presentere samfunnsfaglege spørsmål
- samtale om korleis ulike kjelder, inkludert kart, kan gi informasjon om samfunnsfaglege spørsmål
- utforske og beskrive kulturminne og kultur- og naturlandskapet i nærmiljøet
- utforske og presentere korleis menneska levde for éin til to menneskealdrar sidan
- reflektere over kvifor menneske har ulike meiningar og tek ulike val
- samtale om vennskap og tilhøyrsle og kva som påverkar relasjonar
- beskrive og gi døme på mangfald i Noreg, med vekt på ulike familieformer og folkegrupper, inkludert det samiske urfolket
- utforske og gi døme på korleis menneska påverkar klimaet og miljøet, og dokumentere korleis påverknadene kjem til syne i nærmiljøet
- presentere og gi døme på rettar barn har i Noreg og verda, og kva barn kan gjere ved brot på desse rettane
- utforske og gi døme på korleis barn kan påverke avgjerder og samarbeide om demokratiske prosessar
- samtale om moglegheiter og utfordringar ved digital samhandling
- samtale om kjensler, kropp, kjønn og seksualitet og korleis eigne og andre sine grenser kan uttrykkjast og respekterast
- utforske og gi døme på korleis menneske i ulike delar av verda påverkar livet til kvarandre
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i faget. Elevane viser og utviklar kompetanse i samfunnsfag på 1. og 2. trinn når dei utforskar og undrar seg over samfunnsfaglege tema og reflekterer over korleis desse temaa kan henge saman. Dei viser og utviklar kompetanse når dei søkjer etter å få vite meir og erfarer at kunnskap kan innhentast på ulike måtar. Elevane viser og utviklar òg kompetanse når dei erfarer og ser seg sjølve og andre som del av eit mangfaldig fellesskap, og når dei erfarer kva det vil seie å vere med på å delta og påverke. Elevane bruker digitale verktøy til å vise og utvikle kompetanse i faget og ei begynnande digital dømmekraft ved å sjå nokre av moglegheitene og utfordringane ved digital samhandling.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst i samfunnsfag gjennom at elevane får utforske, samtale og undre seg. Læraren skal vere i dialog med elevane om utviklinga deira i faget. Elevane skal få høve til å prøve seg fram. Med utgangspunkt i kompetansen elevane viser, skal dei få høve til å setje ord på kva dei opplever at dei får til, og kva dei får til betre enn tidlegare. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i samfunnsfag gjennom nysgjerrigheit og kunnskapssøking.