Samfunnskunnskap (SAK01‑01)
Fagrelevans og sentrale verdiar
Samfunnskunnskap er eit sentralt fag for at elevane skal utvikle seg som engasjerte og kritisk tenkjande deltakarar i samfunnet. I samfunnskunnskap skal elevane få drøfte og reflektere i fellesskap og vise respekt for meiningsmangfald. Faget skal bidra til at elevane forstår kva som påverkar identitet og sjølvkjensle, og gi dei høve til å utforske lokalsamfunnet dei lever i, og nasjonale og globale forhald og problemstillingar. Slik skal samfunnskunnskap bidra til å styrkje elevane si forståing av samfunnet dei lever i, og korleis samfunnet formar dei som menneske. Elevane skal forstå at dei kan bidra til ei berekraftig samfunnsutvikling gjennom å vere aktive medborgarar, og påverke samfunn og arbeidsliv no og i framtida.
Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Samfunnskunnskap skal bidra til at elevane blir aktive medborgarar som vidareutviklar kompetansen sin om grunnleggjande demokratiske verdiar som medråderett, likestilling, ytringsfridom og respekt for menneskerettane. Faget skal fremje kompetansen deira i samfunnskritisk tenking, digital dømmekraft, utforsking og etisk medvit, og bidra til at dei forstår at andre kan ha eit anna verdigrunnlag og ein annan ståstad enn dei har sjølve. Faget skal gi elevane innsikt i norske og samiske verdiar og kulturuttrykk.