Samfunnskunnskap (SAK01‑01)
Kjerneelement
Undring og utforsking
Elevane skal kunne undre seg og reflektere over, og vurdere korleis kunnskap om samfunnet blir til. Dei skal få vere nysgjerrige og aktivt kunnskapssøkjande og ‑skapande saman med andre. Elevane skal innhente og bruke informasjon frå fleire og ulike typar kjelder for å ta opp forhold i samfunnet og deira eige liv. Dei skal kunne gjere ei kritisk vurdering av kjeldene med tanke på formål, tendens og kor pålitelege og relevante dei er.
Perspektivmangfald og samfunnskritisk tenking
Elevane skal kunne vurdere samanhengar i samfunnet ut frå forskjellige perspektiv. Dei skal kunne stille spørsmål til korleis makt er organisert, og korleis makt verkar. Dei skal òg utvikle kulturforståing og kunne forstå kvifor menneske tek andre val enn dei sjølve.
Medborgarskap og berekraftig utvikling
Elevane skal kunne vurdere bakgrunnen for, konsekvensane av og handlingsalternativ for berekraftig utvikling på individuelt, nasjonalt og globalt nivå. Medborgarskap og berekraftig utvikling handlar om demokratisk medborgarskap, samfunnsdimensjonen av berekraftig utvikling og korleis menneske samarbeider, organiserer seg og tek avgjerder i samfunnet. Dette inneber òg at elevane skal få handlingskompetanse til å medverke i demokratiske prosessar og samfunnsforming. Sentralt innhald skal sjåast i lys av det lokale til det globale, og urfolk og minoritetar sitt perspektiv.
Identitet og livsmeistring
Elevane skal forstå korleis menneske utviklar identitet og samhandlar med andre. Med utgangspunkt i si eiga livsverd skal elevane få ei forståing av kven dei er, og korleis dei kan meistre eigne liv.