Vg3 snikkarfaget (SNE03‑01)
Kompetansemål og vurdering

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål etter vg3 snikkarfaget med fordjuping i innreiing

  • planleggje å produsere produkt, arbeide etter teikningar, beskrivingar, preaksepterte løysingar og toleransekrav og vurdere arbeidet med tanke på arbeidsoppdraget, kostnadseffektivitet og verknader for miljøet
  • utarbeide produksjonsplanar, ta imot, handtere og lagre råvarer og materialar og kontrollere kvalitet og mengd i tråd med arbeidsoppdraget
  • vurdere ulike faktorar som kan redusere varmeutvikling og brannsmitte
  • risikovurdere produksjonsprosessen, gjennomføre ein sikker jobbanalyse, rapportere om uønskte hendingar og settje i verk tiltak
  • bruke fagterminologi i kommunikasjon med kollegaer og andre yrkesutøvarar og drøfte løysingar som medverkar til å minimere miljøavtrykk og sikre effektiv ressursutnytting
  • arbeide i tråd med ergonomiske prinsipp og reflektere over konsekvensar av støy, støveksponering og bruk av kjemikaliar
  • velje og bruke ulike limtypar og samanføyingsteknikkar og vurdere korleis valet påverkar styrken og samanføyinga i konstruksjonen
  • framstille produkt, vurdere konsekvensar av fukt i materialane og luftfukt i bygget og settje i verk tiltak
  • gjere greie for produksjon av innreiing, dører, vindauge og trapper og drøfte forskjellane i produksjonsmetodar
  • vurdere behov for vedlikehald av utstyr, setje i verk tiltak og reflektere over kva faktorar ved vedlikehald som sikrar drifta og produktkvaliteten
  • velje produksjonsmetode, stille inn og programmere maskiner etter arbeidsoppdraget og reflektere over konsekvensar av vald metode
  • forbehandle og overflatebehandle ulike produkt og vurdere korleis valet av produkt og metodar påverkar sluttproduktet
  • kontrollere, pakke, emballere og kvalitetssikre ulike typar produkt for transport og vurdere kva faktorar som vernar produkta mot ytre påkjenningar
  • gjere greie for og bruke kvalitetssikringssystem og vurdere og dokumentere eige arbeid
  • kjeldesortere, handtere avfall etter gjeldande regelverk, vurdere om gjenbruk er mogleg, og reflektere over konsekvensar av feilhandtering
  • arbeide etter regelverk og avtalar som regulerer arbeidsforholdet i faget, gjere greie for kva plikter og rettar arbeidsgivaren og arbeidstakaren har og reflektere over krav og forventingar som blir stilte til eit likeverdig og inkluderande yrkesfellesskap
  • utføre grunnleggjande førstehjelp
  • kartleggje forhold og ta mål på monteringsstaden og gjere greie for korleis elektriske installasjonar, ventilasjon, røyranlegg og byggmessige avvik påverkar konstruksjonen og prosessen fram til ferdig montert produkt
  • designe, teikne og konstruere innreiingar digitalt og vurdere estetisk uttrykk, funksjonalitet og kor lett innreiinga er å montere
  • velje materialar, beslag, festemiddel og samanføyingsmetodar og drøfte faktorar som sikrar funksjonen og bereevna i konstruksjonane
  • montere og ferdigstille innreiingar i samsvar med spesifikasjon og drøfte faktorar som sikrar design, funksjon, forankring og estetisk uttrykk

Undervegsvurdering