Vg3 snikkarfaget (SNE03‑01)
Grunnleggjande ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter i vg3 snikkarfaget inneber å kunne lytte til og gi respons i spontan og førebudd samtale. Det inneber òg å kunne bruke fagterminologi i kommunikasjon med andre, reflektere over og drøfte moglege val og løysingar og tilpasse kommunikasjonen til mottakaren og formålet.
Å kunne skrive
Å kunne skrive i vg3 snikkarfaget inneber å bruke fagterminologi til å utforme tekstar tilpassa mottakaren og formålet. Det inneber å kunne utforske og reflektere over faglege emne og problemstillingar og rapportere om og dokumentere arbeid.
Å kunne lese
Å kunne lese i vg3 snikkarfaget inneber å finne og vurdere informasjon i ulike tekstar, arbeidsbeskrivingar, teikningar, bruksrettleiingar, standardar og toleransestandardar og regelverk. Det inneber òg å kunne samanlikne, tolke informasjon og trekkje faglege slutningar ut frå kjent og ukjent fagstoff.
Å kunne rekne
Å kunne rekne i vg3 snikkarfaget inneber å kunne hente ut, beskrive og tolke informasjon frå talmateriale. Det inneber òg å kunne berekne lengd, areal, volum og vekt i samband med arbeidsoperasjonen. Det inneber òg å kunne berekne radiusar, vinklar og prosentar og å bruke målestokk.
Digitale ferdigheiter
Digitale ferdigheiter i vg3 snikkarfaget inneber å kunne bruke digitale ressursar til å rapportere, dokumentere og kommunisere. Vidare inneber digitale ferdigheiter å kunne søkje etter og innhente informasjon og vurdere kor truverdig informasjonen er. Det inneber òg å kunne vurdere eiga rolle på nettet og utøve god digital dømmekraft.