Vg3 service- og administrasjonsfaget (SOA03‑01)
Grunnleggjande ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter i vg3 service- og administrasjonsfaget inneber å kommunisere med kollegaer og brukarar frå ulike kulturar. Det inneber å tilpasse sitt eige språk til mottakaren, innhaldet og formålet og å lytte til og vise respekt for andre. Vidare inneber det å bruke relevante faguttrykk og sikre at informasjonen ikkje berre blir gitt, men òg forstått av mottakaren.
Å kunne skrive
Å kunne skrive i vg3 service- og administrasjonsfaget inneber å dokumentere, omarbeide og utveksle opplysingar. Vidare inneber det å kommunisere skriftleg og profesjonelt med ulike mottakarar og å utarbeide brev, planar, rapportar og dokumentasjon etter gjeldande krav.
Å kunne lese
Å kunne lese i vg3 service- og administrasjonsfaget inneber å anvende leseteknikk og å finne, forstå, tolke og vurdere informasjon. Det inneber òg å forstå fagspråk, å referere til og bruke faglitteratur i yrkesutøvinga og å vere kjeldekritisk.
Å kunne rekne
Å kunne rekne i vg3 service- og administrasjonsfaget inneber å hente inn, omarbeide, analysere og vurdere talmateriale og å presentere desse i relevante oppsett. Vidare inneber det å bruke budsjett og lese rekneskapar og å utføre økonomiske berekningar.
Digitale ferdigheiter
Digitale ferdigheiter i vg3 service- og administrasjonsfaget inneber å bruke digitale ressursar i tråd med den teknologiske utviklinga. Det inneber òg å hente inn, registrere, lagre og anvende informasjon. Digitale ferdigheiter inneber vidare å handtere personopplysningar og vurdere etiske spørsmål knytte til personvern og behovet for openheit. Dessutan inneber det å vise digital dømmekraft i arbeidet og vurdere kjelder kritisk.