Vg3 service- og administrasjonsfaget (SOA03‑01)
Kjerneelement
Lønnsemd og utvikling
Kjerneelementet lønnsemd og utvikling handlar om korleis ulike faktorar kan bidra til høgare effektivitet, kvalitet og lønnsemd i verksemda. Det handlar òg om å følgje regelverk for arbeidslivet og for helse, miljø og sikkerheit. Vidare handlar kjerneelementet om å oppfylle miljøkrav og bruke ressursar effektivt.
Organisasjon og verksemdstøtte
Kjerneelementet organisasjon og verksemdstøtte handlar om å planleggje, organisere, leggje til rette for og utføre oppgåver som støttar styring og drift av verksemder. Kjerneelementet inneber å forstå og arbeide etter måla og kjerneoppgåvene til verksemda. Vidare handlar kjerneelementet om korleis organiseringa av verksemda påverkar drift og arbeidsoppgåver.
Kommunikasjon og service
Kjerneelementet kommunikasjon og service handlar om å gjere administrative prosessar stadig betre og meir brukarvennlege. Kjerneelementet inneber å tilpasse kommunikasjonen og servicen til brukarar internt og eksternt og om å representere verksemda.