Vg3 service- og administrasjonsfaget (SOA03‑01)
Tverrfaglege tema
Folkehelse og livsmeistring
I vg3 service- og administrasjonsfaget handlar det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring om å byggje profesjonelle relasjonar i kommunikasjon og samhandling med ulike menneske. I dette ligg det å kunne handsame reaksjonar, setje grenser og respektere andre sine grenser i ulike relasjonar og arbeidssituasjonar. Vidare handlar det om å ha kunnskap om og vise respekt for ulike kulturar og individ. Folkehelse og livsmeistring handlar òg om å sikre god fysisk og psykisk helse gjennom kunnskap om helse, miljø og sikkerheit og om pliktene og rettane arbeidstakaren og arbeidsgivaren har i arbeidslivet.
Berekraftig utvikling
I vg3 service- og administrasjonsfaget handlar det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling om å reflektere over kva ein berekraftig ressursbruk inneber i stillingar innanfor service og administrasjon. Det handlar om å oppfylle miljøkrav, vurdere kostnader og bruke ressursar effektivt og med vekt på berekraft for å unngå tap av verdiar og belastningar på klimaet. Vidare handlar det tverrfaglege temaet om å reflektere over etiske dilemma knytte til personvern og behov for openheit.