Vg2 service, sikkerheit og administrasjon (SSH02‑01)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter administrasjon og berekraftig drift
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- utforske og presentere ei sjølvvald verksemd som vektlegg innovasjon og nyskaping, og drøfte kva dette har å seie i utviklinga av verksemda
- gjere greie for ulike typar lønn og berekne lønnskostnader
- forstå og presentere ein enkel rekneskap, setje opp eit likviditets- og resultatbudsjett og kommentere avvik mellom budsjett og rekneskap
- vurdere inntektsgrunnlaget til ei verksemd og kva faktorar som påverkar lønnsemd og berekraft
- planleggje, gjennomføre, dokumentere og vurdere eit lokalt arrangement med omsyn til lønnsemd og berekraftig utvikling
- reflektere over kva faktorar som påverkar arbeidsmiljøet i ei verksemd, og drøfte ulike tiltak som kan betre det
- gjere greie for ulike administrative rutinar og vurdere tiltak som kan betre rutinane
- gjere greie for ulike system for å handtere, stille saman og finne att dokument, og bruke eigna verktøy for dette
- utforske og drøfte korleis verksemder profilerer seg i ulike medium
- utarbeide innhald til ulike planar, rapportar og dokument og tilpasse innhaldet til ulike mottakarar
- beskrive ulike typar svinn, reflektere over konsekvensane av svinn og foreslå tiltak for å førebyggje svinn
- koordinere og hjelpe til i saksbehandling og ulike administrative prosessar
- drøfte kva krav og forventningar som blir stilte til eit likeverdig og inkluderande yrkesfellesskap, og beskrive kva plikter og rettar arbeidsgivaren og arbeidstakaren har i arbeidslivet
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse. Elevane viser og utviklar kompetanse i programfaget administrasjon og berekraftig drift når dei bruker kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i programfaget.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte og praksisnære arbeidsoppgåver. Læraren kan gi arbeidsoppgåver som dekkjer fleire av eller alle programfaga. Læraren skal vere i dialog med elevane om utviklinga deira i programfaget administrasjon og berekraftig drift. Elevane skal få høve til å uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og reflektere over eiga fagleg utvikling. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i programfaget.
Standpunktvurdering
Standpunktkarakteren skal vere uttrykk for den samla kompetansen eleven har i programfaget administrasjon og berekraftig drift ved avslutninga av opplæringa i programfaget. Læraren skal planleggje og leggje til rette for at eleven får vist kompetansen sin i programfaget på varierte måtar. Med utgangspunkt i kompetansemåla skal læraren vurdere korleis eleven viser forståing, evne til refleksjon og kritisk tenking, og korleis eleven meistrar utfordringar og løyser oppgåver i ulike samanhengar. Læraren skal setje karakter i programfaget administrasjon og berekraftig drift basert på kompetansen eleven viser ved å planleggje, gjennomføre, vurdere og dokumentere eige fagleg arbeid.