Vg2 service, sikkerheit og administrasjon (SSH02‑01)
Kompetansemål og vurdering

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål etter sikkerheit

  • gjere greie for arbeidsområda, tenestene og produkta til vaktverksemdsbransjen og vurdere desse med utgangspunkt i sikkerheitsbehova i samfunnet
  • planleggje, gjennomføre, dokumentere og vurdere eit lokalt arrangement med omsyn til sikkerheit
  • utforske helse-, miljø- og sikkerheitsarbeidet i ei verksemd og gjere greie for dei ulike rollene dei tilsette har i dette arbeidet
  • utforske kva sikkerheit og personvern har å seie, og følgje rutinar for sikkerheit og personvern i informasjons- og kommunikasjonsteknologi
  • drøfte ulike trusselbilete for verksemder og for samfunnet
  • gjere greie for ulike former for risikovurdering og utarbeide ein enkel risikoanalyse med forslag til tiltak
  • utforske, forstå og bruke ein beredskapsplan
  • gjere greie for brannteori og planleggje, gjennomføre og evaluere ei brannøving
  • utføre livreddande førstehjelp, ta ansvar for ein skadestad og reflektere over kva eiga framferd har å seie
  • gjere greie for symptom på å vere ruspåverka og drøfte korleis ruspåverknad, kan gå ut over sikkerheita i ulike situasjonar

Undervegsvurdering

Standpunktvurdering