Vg1 sal, service og reiseliv (SSR01‑01)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter forretningsdrift
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- gjere greie for reglar og lovverk som er relevante for servicenæringa, og forklare korleis dei regulerer drift av verksemder
- beskrive ansvarsfordeling og kva dei ulike rollene i ei verksemd inneber, og utarbeide og presentere eit organisasjonskart
- vurdere, kalkulere og tilpasse pris på eit produkt med tanke på kostnader og marknadssituasjon
- forklare og føre ein enkel rekneskap, utarbeide budsjett og vurdere lønnsemda
- beskrive vareflyt og kvalitet i verdikjeda og vurdere dilemma knytte til lønnsemd og berekraftig utvikling
- gjennomføre ei enkel risikovurdering og presentere tiltak som førebyggjer uønskte hendingar
- gjennomføre og dokumentere arbeid i samsvar med gjeldande regelverk for helse, miljø og tryggleik
- følgje ein beredskapsplan og gjere greie for funksjonen og formålet med beredskapsplanar
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse. Elevane viser og utviklar kompetanse i forretningsdrift når dei bruker kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i programfaget.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsoppgåver. Læraren kan gi arbeidsoppgåver som dekker fleire eller alle programfaga. Læraren og elevane skal vere i dialog med elevane om utviklinga deira i forretningsdrift. Elevane skal få høve til å uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og reflektere over si eiga faglege utvikling. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i programfaget.
Standpunktvurdering
Standpunktkarakteren skal vere uttrykk for den samla kompetansen eleven har i forretningsdrift ved avslutninga av opplæringa i programfaget. Læraren skal planleggje og leggje til rette for at eleven får vist kompetansen sin i programfaget på varierte måtar. Med utgangspunkt i kompetansemåla skal læraren vurdere korleis eleven viser forståing, evne til refleksjon og kritisk tenking, og korleis eleven meistrar utfordringar og løyser oppgåver i ulike samanhengar. Læraren skal setje karakter i forretningsdrift basert på kompetansen eleven viser ved å planleggje, gjennomføre, vurdere og dokumentere eiga fagleg arbeid.