Vg1 sal, service og reiseliv (SSR01‑01)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter marknadsføring og innovasjon
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- analysere forbrukaråtferd i samanheng med segmentering av målgrupper
- vurdere sentrale konkurranseverkemiddel i samanheng med profilen og lønnsemda til verksemder
- utvikle ein forretningsidé og vurdere han i lys av berekraftig utvikling
- lage ein enkel marknadsplan og gjere greie for val av mål og verkemiddel
- utforske korleis teknologi og endringar i forbrukaråtferd påverkar sal og servicerolla, og presentere tiltak og marknadsføringsstrategiar
- lage ein marknadsføringskampanje og gjere greie for val av verkemiddel
- selje eit produkt og gjere greie for salsprosessen
- kjenne til og nytte gjeldande regelverk for marknadsføring og sal
- beskrive administrative funksjonar og rutinar i ei verksemd og drøfte korleis desse påverkar kvaliteten og servicenivået
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse. Elevane viser og utviklar kompetanse i marknadsføring og innovasjon når dei bruker kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i programfaget.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsoppgåver. Læraren kan gi arbeidsoppgåver som dekker fleire eller alle programfaga. Læraren og elevane skal vere i dialog med elevane om utviklinga deira i marknadsføring og innovasjon. Elevane skal få høve til å uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og reflektere over si eiga faglege utvikling. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i programfaget.
Standpunktvurdering
Standpunktkarakteren skal vere uttrykk for den samla kompetansen eleven har i marknadsføring og innovasjon ved avslutninga av opplæringa i programfaget. Læraren skal planleggje og leggje til rette for at eleven får vist kompetansen sin i programfaget på varierte måtar. Med utgangspunkt i kompetansemåla skal læraren vurdere korleis eleven viser forståing, evne til refleksjon og kritisk tenking, og korleis eleven meistrar utfordringar og løyser oppgåver i ulike samanhengar. Læraren skal setje karakter i marknadsføring og innovasjon basert på kompetansen eleven viser ved å planleggje, gjennomføre, vurdere og dokumentere eiga fagleg arbeid.