Vg3 strikkefaget (STR03‑02)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål
Mål for opplæringa er at lærlingen skal kunne
- planleggje, gjennomføre, vurdere og dokumentere eige arbeid
- ta mål, rekne ut strikkefastleik og berekne materialbehov ut frå prosjekt, kundebestillingar og produkt for sal
- nytte digitale ressursar og programvare i produksjonsprosessen
- utvikle og utarbeide idear til produkt og tenester manuelt og digitalt og nytte dette i eige arbeid
- eksperimentere med snitt, form, farge og materiale
- utarbeide mønster og oppskrifter for hand- og maskinstrikk ut frå ønskt form, funksjon, kvalitet og haldbarheit
- analysere oppbygginga, eigenskapane og bruksområda til ulike materiale og bruke denne kunnskapen i eige arbeid
- velje og bruke ulike materiale og gjere greie for korleis ulike val påverkar haldbarheit, kvalitet og gjenbruk
- vurdere eigna strikkefastleik ut frå materiale, produkt og bruksområde og velje eigna verktøy
- nytte manuelt og maskinelt verktøy til å utføre ulike strikketeknikkar
- vurdere balanse og heilskap ved ulik bruk av mønster, tekstur, struktur og snitt på strikka produkt
- montere, tilpasse og etterbehandle strikkeproduktet både for hand og med maskin
- reparere og halde produkt ved like og gjere greie for korleis ulike val påverkar haldbarheit og bruksverdi
- analysere lokale teknikkar, strikketradisjonar og historisk materiale og nytte dette til vidareutvikling og nyskaping
- utforske særpreg, motar og trendar i strikkefaget og bruke denne kunnskapen som inspirasjon i eige arbeid i produksjonen
- kommunisere på fagspråk og rettleie kundar, kollegaer og samarbeidspartnarar om design, materiale og fargeval
- presentere og marknadsføre produkt og tenester munnleg og digitalt
- gjere greie for gjeldande lovverk om opphavsrett og marknadsføring og følgje dette i eige arbeid
- berekne tid og pris på eigne produkt, prosjekt og tenester, gjere innkjøp og vurdere samanhengen mellom materialval, produktivitet og lønnsemd
- finne informasjon for å drøfte faglege spørsmål og problemstillingar, og bruke kjeldene på ein måte som lar seg etterprøve
- halde orden på arbeidsplassen og halde ved like utstyr, verktøy og maskiner, i samsvar med gjeldande regelverk for helse, miljø og sikkerheit
- følgje gjeldande regelverk for tekstilproduksjon og vedlikehaldsmerking
- nytte formålstenlege ergonomiske arbeidsstillingar i produksjonsprosessen
- arbeide etter regelverk og avtalar som regulerer arbeidsforholdet i faget, og gjere greie for pliktene og rettane til arbeidsgivaren og arbeidstakaren
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse. Lærlingane viser og utviklar kompetanse i vg3 strikkefaget når dei bruker kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i faget.
Instruktøren skal leggje til rette for lærlingmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsoppgåver. Instruktøren skal vere i dialog med lærlingane om utviklinga deira i vg3 strikkefaget. Lærlingane skal få høve til å uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og til å reflektere over si eiga faglege utvikling. Instruktøren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at lærlingane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i faget.