Vg3 strikkefaget (STR03‑02)
Tverrfaglege tema
Folkehelse og livsmeistring
I vg3 strikkefaget handlar det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring om å utvikle handlag, gode arbeidsrutinar, førebygging av belastningsskadar, evne til problemløysing og om å utvikle identitet og å ta ansvarlege val i eige liv og i skapande arbeid. Det handlar òg om korleis ein kan gi uttrykk for eigne opplevingar, tankar og meiningar i samarbeid med andre og i arbeidet med oppgåver innanfor strikkefaget.
Berekraftig utvikling
I vg3 strikkefaget handlar det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling om kritisk refleksjon rundt val av materiale, produksjonsmetodar, verktøy og maskiner i ein etisk og berekraftig produksjon, og korleis dette kan påverke miljøet. Vidare handlar det om å leggje vekt på produksjon av haldbare produkt der vedlikehald og reparasjon er mogleg, og å vidareutvikle og skape nye strikkeprodukt med god og varig kvalitet. Berekraftig utvikling handlar òg om at faget er ein del av arbeidet med å sikre natur- og kulturarven i verda.