Vg3 strikkefaget (STR03‑02)
Fagrelevans og sentrale verdiar
Vg3 strikkefaget handlar om å nytte ulike fibrar og trådmateriale i produktutvikling og produksjon av strikka tekstilar til klede, interiør og utsmykking. Gjennom praktisk arbeid med manuelle og digitale teknikkar utviklar lærlingane kunnskap om både ny design og strikketradisjonar og innsikt i den tekstile kulturarven. Faget skal førebu yrkesutøvarar som kan dekkje behovet for strikka produkt gjennom ein berekraftig produksjon.
Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Vg3 strikkefaget skal bidra til utvikling av produkt med utgangspunkt i berekraft, kvalitet, kultur og historie. Lærlingane skal oppleve meistring og finne sin eigen faglege identitet gjennom å utvikle handlag og reflektere over handverksutføringa i arbeid med strikka produkt. Faget vidarefører tradisjonell handverkskunnskap og tek vare på ressursar for framtida. Videre bidreg faget til å skape respekt og forståing for kultur- og naturarv, og på dette grunnlaget kan ein utvikle nye løysingar. Faget skal òg bidra til kunnskap om pliktene og rettane til arbeidsgivaren og arbeidstakaren og om betydninga av trepartssamarbeidet, der arbeidsgivaren, arbeidstakaren og myndigheitene jobbar saman for å utvikle faget og eit betre arbeidsliv.