Vg3 strikkefaget (STR03‑02)
Kjerneelement
Strikkehandverk og materiale
Kjerneelementet strikkehandverk og materiale handlar om teknikkar i hand- og maskinstrikk ved bruk av ulike fiber- og trådkvalitetar. Vidare handlar det om å eksperimentere med ulike materiale og verktøy ved utforming og produksjon av tekstilar til klede, interiør, utsmykking og kunst. Det handlar òg om å forstå samanhengen mellom eigenskapane, oppbygginga og bruksområda til materiala og ei ressursvennleg utnytting.
Produktutvikling, produksjon og teknologi
Kjerneelementet produktutvikling, produksjon og teknologi handlar om å innhente idear og utvikle nye produkt ved bruk av tradisjonell og ny strikketeknologi. Det handlar òg om å utarbeide skisser, mønster, material- og teknikkprøver, oppskrifter og visuell dokumentasjon. Strikkeproduksjon omfattar praktisk arbeid med ulike materiale, strikketeknikkar, handverktøy og strikke- og monteringsmaskiner. Det omfattar òg å halde orden i arbeidsverkstaden, halde utstyr, verktøy og maskiner ved like og bruke eigna teknologi i produksjon, marknadsføring og promotering av produkt. Vidare handlar kjerneelementet produktutvikling, produksjon og teknologi om ergonomiske arbeidsstillingar og om å arbeide i samsvar med gjeldande regelverk for helse, miljø og sikkerheit ved bruk av utstyr og verktøy i strikkeverkstaden.
Kultur og tradisjon
Kjerneelementet kultur og tradisjon handlar om å bruke den tekstile kulturarven til bevaring, vidareutvikling og nyskaping i eige arbeid. Vidare handlar det om å forstå samanhengen mellom bevaring, lokale, nasjonale og internasjonale strikketradisjonar, mønstertradisjonar, rekonstruksjon og nyskaping. Det handlar òg om å bruke erfaringar frå kulturhistoria i eige arbeid og i samsvar med samfunnsutviklinga og etterspørselen.