Vg3 truck- og liftmekanikarfaget (TLM03‑01)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål
Mål for opplæringa er at lærlingen skal kunne
- planleggje, gjennomføre, vurdere og dokumentere arbeidsoppgåver ut frå prosedyrar, standardar og tilvisingane frå fabrikanten
- planleggje, vurdere og nytte arbeidsteknikkar, arbeidsstillingar og framgangsmåte og velje rett verktøy
- utføre ettersyn og vedlikehald på truckar og liftar og kontrollere og dokumentere sprekker i sveis- og stålkonstruksjonar
- bruke diagnoseverktøy på system og komponent og beskrive reparasjonsbehov på komponentar med registrert funksjonsavvik
- vurdere reparasjonsoppdrag med tanke på kostnader og lønnsemd og med omsyn til sirkulærøkonomi
- utføre reparasjon, vedlikehald og feilsøking på batteri og ladesystem for relevant batteriteknologi og gjennomføre sikkerheitstiltak ved arbeid på ulike spenningskretsar
- gjøre rede for rutiner for feilsøking, reparasjon og vedlikehald på sjølvkøyrande, fjernstyrte og robotiserte maskiner
- gjøre rede for vedlikehald og reparasjon på truckar og liftar med hydrogenbrenselcelleteknologi i samsvar med rettleiingane frå produsentane
- utføre ettersyn og reparasjon på forbrenningsmotorar, vekselstraumsmotorar, likestraumsmotorar, hydrauliske motorar og hybride system
- utføre vedlikehald på og reparere transmisjonar, drivverk og bremsesystem
- vurdere dekkutrustning på truckar og liftar med tilhøyrande utstyr og utføre vedlikehald i samsvar med rettleiingane frå produsentane
- utføre vedlikehald på og reparere elektriske, elektroniske og digitale system, inkludert motorkontrollsystem (Canbus) og andre datastyringssystem for motor, hydraulikk og køyrekontroll
- utføre feilsøking, vedlikehald og reparasjon på hydrauliske kretsar, slangar, koplingar, komponentar og mekaniske system på truckar og liftar og tilhøyrande utstyr
- utføre periodisk vedlikehald på truckar og liftar og tilhøyrande utstyr og reiskapar i tråd med forskrift og spesifikasjonar frå fabrikanten
- utføre vedlikehald på og reparere understell, svingkrans, svingmekanismar, bomkonstruksjonar, wire, glideflater og løftemekanismar og utføre slitasjemåling med tanke på stabilitet
- utføre kontroll, reparasjon og vedlikehald på sikkerheitsutstyr som sikrar personell som arbeider i høgder
- kontrollere, halde ved like, justere og reparere komplekse mast- og bomsystem
- utføre reparasjon og vedlikehald på komfort- og klimaanlegg
- gjere greie for forskrifter og regelverk for kontroll fram til attestering og bruksgodkjenning i samsvar med retningslinjene frå produsenten og relevante forskrifter
- velje smørjemiddel, kjemikaliar og væsker i samsvar med spesifikasjonane frå produsenten og ut frå omsyn til miljøet
- handtere kjemikaliar og sortere avfall i tråd med gjeldande regelverk og rutinar for helse, miljø og sikkerheit i bedrifta
- utføre arbeid og risikovurdering i tråd med gjeldande regelverk for helse, miljø og sikkerheit og internkontroll
- kommunisere med kundar og kollegaer om service og reparasjonar, faglege løysingar, omfanget på arbeidsoppdraget og vidare oppfølging
- gjennomføre stabilitets- og momentprøving med og utan merkelast og løftekapasitet
- gjere greie for og søkje informasjon i regelverk for maskiner som skal brukast i eksplosjonsfarlege område og soneinndeling
- gjere greie for partssamarbeidet i bedrifta, og reflektere over kva plikter og rettar arbeidsgivaren og arbeidstakaren har, og kva krav og forventningar som blir stilte til eit likeverdig og inkluderande arbeidsliv
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse. Lærlingane viser og utviklar kompetanse i vg3 truck- og liftmekanikarfaget når dei bruker kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i faget.
Instruktøren skal leggje til rette for lærlingmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsoppgåver. Instruktøren skal vere i dialog med lærlingane om utviklinga deira i Vg3 truck- og liftmekanikarfaget. Lærlingane skal få høve til å uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og til å reflektere over si eiga faglege utvikling. Instruktøren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at lærlingen kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i faget.