Vg3 truck- og liftmekanikarfaget (TLM03‑01)
Kjerneelement
Helse, miljø og sikkerheit
Kjerneelementet helse, miljø og sikkerheit handlar om å bruke verneutstyr og sikringsutstyr ved arbeid i høgda og om å utføre vedlikehald og reparasjonsarbeid i samsvar med gjeldande regelverk. Det handlar òg om å sikre trucken eller liften før, under og etter utføring av arbeidsoppdrag.
Maskinteknologi og reparasjonsteknikk
Kjerneelementet maskinteknologi og reparasjonsteknikk handlar om samspelet mellom manuelle, mekaniske, hydrauliske, elektriske og elektroniske komponentar i truckar og liftar. Vidare handlar det om digitalisering og automasjon innanfor sjølvkøyrande, fjernstyrte og robotiserte maskiner. Kjerneelementet handlar òg om å utføre kontroll, feilsøking, reparasjon og ombygging på utstyr og styringssystemet deira ved hjelp av rettleiingar, teknisk litteratur og spesifikasjonane frå fabrikantane. I tillegg handlar det om å bruke ulike verktøy og måleinstrument i arbeidet.
Planlegging, dokumentasjon og kommunikasjon
Kjerneelementet planlegging, dokumentasjon og kommunikasjon handlar om å planleggje arbeidsoppdrag saman med kollegaer og andre aktørar og å utføre arbeidet i samsvar med planen. Det handlar vidare om å kommunisere med ulike oppdragsgivarar om oppdrag og status undervegs og etter utført arbeid og å sikre interessene og verdiane til oppdragsgivarane. Det handlar òg om å dokumentere dei ulike prosessane i arbeidsoppdraget og registrere dette i ein arbeidsordre.