Veg- og anleggsfaget (VOA03‑02)
Fagrelevans og sentrale verdiar
Vg3 veg- og anleggsfaget handlar om å byggje ut og halde ved like infrastruktur. Faget skal gjere lærlingane i stand til å planleggje og utføre anleggs- og grunnarbeid, og til å drifte og halde ved like vegar og anlegg med omsyn til ressursbruk og miljø. Det handlar om å bruke maskiner, utstyr og arbeidsmetodar som minimerer miljøavtrykket og sikrar sikkerheita til ein sjølv og andre. Faget bidreg til samfunnet gjennom å utdanne yrkesutøvarar som legg til rette for ein berekraftig infrastruktur som hindrar miljøskader og bidreg til å bevare naturressursar.
Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Vg3 veg- og anleggsfaget skal bidra til engasjement når lærlingane driftar og held ved like infrastruktur med varige miljø- og energieffektive kvalitetar. Faget fremjar kritisk tenking og etisk medvit gjennom at lærlingane blir utfordra til å velje berekraftige materiale, verktøy og arbeidsmetodar. Effektiv og miljøvennleg ressursutnytting vil òg bidra til å fremje respekt for naturen og miljøet. Faget skal vidare bidra til kunnskap om pliktene og rettane til arbeidsgivaren og arbeidstakaren og om trepartssamarbeidet, der arbeidsgivaren, arbeidstakaren og myndigheitene jobbar saman for å utvikle eit betre arbeidsliv. I tillegg fremjar faget forståing av kva verdi kulturelt mangfald har i bygg- og anleggsbransjen, gjennom at lærlingane deltek i dialog om og reflekterer over krav og forventningar til eit likeverdig og inkluderande yrkesfellesskap.