Veg- og anleggsfaget (VOA03‑02)
Kjerneelement
Bygging av infrastruktur
Kjerneelementet bygging av infrastruktur handlar om å byggje, halde ved like og sikre vegar, tunnelar, bruer og infrastruktur for vatn, avløp og overvatn med maskiner og utstyr. Det handlar òg om kunnskap om geologi og korleis geologien påverkar ulike massetypar. Å sikre byggje- og anleggsplassar og trafikkavvikling ved vegarbeid er òg vesentleg i dette kjerneelementet.
Planlegging, dokumentasjon og kvalitetssikring
Kjerneelementet planlegging, dokumentasjon og kvalitetssikring handlar om å bruke kvalitetsikringssystem for planlegging, dokumentasjon og kvalitetssikring av veg- og anleggsarbeid. Dette kjerneelementet handlar vidare om å følgje rutinar for kvalitetssikring i samband med veg- og anleggsarbeid. Følge toleransekrav i prosjekter er og en del av kjerneelementer.
Helse, miljø og sikkerheit
Kjerneelementet helse, miljø og sikkerheit handlar om å identifisere og hindre situasjonar som er ein fare for liv og helse i drift og vedlikehald av infrastruktur. Dette kjerneelementet handlar òg om å risikovurdere arbeidet i samsvar med gjeldande regelverk og gjennomføre sikker jobb-analyse. Vidare handlar det om å bruke utstyr og maskiner i samsvar med gjeldande regelverk og om å arbeide i samsvar med gjeldande system og tiltaksplan for helse, miljø og sikkerheit. Kollegialt samarbeid om berekraftige og miljøvennlege løysingar er òg ein del av dette kjerneelementet.