Intervjuteknikk for intervju i tilsyn etter barnehagelova og opplæringslova
12. Taktikk i intervjuet
Taktikk handlar om korleis du legg opp det enkelte intervjuet for å få ut det du ønskjer. Det er litt som sjakk. Som tilsynsperson sit du med dei kvite brikkene og har opningstrekket. Du har initiativet.
Korleis ønskjer du å prege sjølve intervjuet? Korleis leggje det opp slik at du kan møte eventuelle mottrekk? Kva for spørsmål skal du stille, og i kva rekkjefølgje? Skal du gå rett på sak eller skal du gå indirekte til verks? Skal du stille lukka eller opne spørsmål? Skal du konfrontere eller skal du avvente.
Nokre enkle råd til taktikken er:
- Start med opne spørsmål for å invitere den andre til å gi si frie forklaring. Be deretter om utdjupingar.
- Vent med dei vanskelegaste spørsmåla til slutt.
- Vent med konfrontasjonen til du har tilstrekkeleg med bevis som viser at det ikkje er samsvar mellom påstandane og bevisa.
- Få den intervjua til å komme med nokre klare påstandar, som du kan be om utdjuping og konkretisering av, og om mogleg bevis.