Rundskriv om skolereglar
3. Kven har ansvar for å fastsetje skolereglane?
Det er kommunen eller fylkeskommunen som skal gi skolereglar, og som har ansvar for at dei blir kunngjorde.1 Dei kan vedta ei lokal forskrift som er felles for alle skolane i kommunen eller fylket. Kommunen eller fylkeskommunen kan delegere til dømes til rektor å vedta utfyllande reglar for sin skole. Det er også mogleg å delegere myndigheita til å fastsetje eigne skolereglar. Skolereglane skal uansett kunngjerast.
Ei delegering må vere trygg og forsvarleg. Les meir om myndigheit til å fatte enkeltvedtak og delegering av myndigheit. Sjølv om kompetansen er delegert, har kommunen eller fylkeskommunen framleis ansvaret for at skolereglane er fastsette i tråd med lova.
Der skolane er delegert moglegheita til å gi utfyllande reglar, må desse reglane vere i tråd med dei vedtatte skolereglane for kommunen eller fylkeskommunen.